Vedtekter Sunnmøre tannlegeforening
Vedtatt av generalforsamling 24.11.2020 med umiddelbar ikrafttreden.
Last ned pdf av Vedtekter Sunnmøre tannlegeforening , 251 kB.
Foreininga sitt namn er Sunnmøre tannlegeforeining (STF).
Foreininga er eit eige organ i Den norske tannlegeforening (NTF), jf. NTFs vedtekter § 17.
Foreininga sitt geografiske område er Sunnmøre distrikt i Møre og Romsdal (dvs. kommunane Ålesund (tidlegare Ålesund, Skodje, Ørskog, Haram og Sandøy), Giske, Sula, Stranda, Sykkylven, Fjord (tidlegare Norddal og Stordal), Vanylven, Ulstein, Hareid, Ørsta, Volda og Herøy), som òg går fram av eige vedlegg til NTFs vedtekter § 18.
Grensa for lokalforeninga sitt virke vedtas av NTF sitt representantskap.
Foreininga skal representere NTF i sitt geografiske område og ivareta interessene til medlemane i tråd med NTF sitt formål, jf. § 2 i NTF sine vedtekter.
Foreininga er registrert i Brønnøysundregisteret med organisasjonsnummer 971 369 825.
Medlem av lokalforeininga pliktar å rette seg etter lokalforeininga sine vedtekter, NTF sine etiske reglar, NTF sine reglar for obligatorisk etterutdanning og NTF sine klagenemndsreglar.
Medlem av lokalforeininga plikter å svare på spørsmål som angår deira forhold til NTF om dette vert etterspurt.
Medlem av NTF som utøver, eller som slutar å utøve, tannlegeyrket i lokalforeininga sitt område pliktar å melde frå om dette til styret i lokalforeininga. Det skal óg meldast frå til NTF sentralt.
Lokalforeininga har følgjande medlemskategoriar:
5.1 Ordinær medlem
Ordinær medlem av NTF som har sin hovudarbeidsstad i lokalforeininga sitt geografiske område takast opp som ordinær medlem i lokalforeininga. I særlege tilfelle kan NTF sitt hovudstyre gje dispensasjon frå regelen om ordinær medlem si tilknyting til lokalforeining, jf. NTF sine vedtekter § 41-1.
Ordinær medlem har rett til å stemme, leggje fram forslag, og tale i saker som gjeld foreininga. Dei kan veljast inn i lokalforeininga sitt styre og som representant for lokalforeininga til NTF sitt representantskap.
Ordinær medlem har rett til å fremje forslag til NTF sitt representantskap, krevje forslaget lagt fram for representantskapet og satt under avstemning, jf. NTF sine vedtekter § 21-2.
Ordinær medlem kan bli oppnemnd av styret til å representere foreininga i eksterne samanhang.
5.2 Pensjonistmedlem
Pensjonistmedlem av NTF som har vald å ha si hovudtilknyting til lokalforeininga kan takast opp som pensjonistmedlem i STF.
Pensjonistmedlem har stemmerett, forslagsrett og talerett i saker som gjeld foreininga. Dei kan veljast inn i lokalforeininga sitt styre og som representant for lokalforeininga til NTF sitt representantskap.
Pensjonistmedlem har rett til å fremje forslag til NTF sitt representantskap, krevje forslaget lagt fram for representantskapet og satt under avstemning, jf. NTF sine vedtekter § 21-2.
Pensjonistmedlem kan bli oppnemnd av styret til å representere foreininga i eksterne samanhang.
5.3 Assosierte medlem
Etter skriftleg søknad til lokalforeininga sitt styre kan følgjande takast opp som assosierte medlem:
- Ordinær medlem av NTF som har sitt hovudmedlemskap i ei anna lokalforeining.
- Pensjonistmedlem av NTF som har sitt hovudmedlemskap i ei anna lokalforeining.
- Studentmedlem av NTF
- Passive medlem av NTF.
Assosierte medlem har tilgang til lokalforeininga sine møter og kurs. Dei har ikkje stemmerett i saker som gjeld foreininga. Assosierte medlem kan ikkje veljast til lokalforeininga sitt styre eller som representantar for foreininga under NTF sitt representantskap.
5.4 Heidersmedlem
Heidersmedlem kan etter framlegg frå styret veljast på generalforsamlinga med 2/3 fleirtal. Om ein medlem krev det, skal valet skje skriftleg.
Ein kvar medlem kan sende inn forslag til heidersmedlem. Forslaget sendast til styret innen same fristar som gjeld for innsending av øvrige saker til generalforsamlinga.
Berre heidersmedlem som fyller vilkåra for å bli ordinær medlem eller pensjonistmedlem av lokalforeininga har stemmerett i saker som gjeld lokalforeininga og kan veljast til verv i foreininga, jf. NTF sine vedtekter § 40-5.
Medlemskontingent vert fastsett av generalforsamlinga for komande toårsperiode og skal betalast av alle ordinære medlem.
Heidersmedlem er fritekne for kontingent.
Generalforsamlinga vil fatte eige vedtak om kontingent for øvrige medlemskategoriar.
Medlem som er pliktig til å betale kontingent til ei lokalforeining betaler kontingent til den lokalforeininga som vedkomande står tilslutta 1. januar same år.
7.1 Innmelding
Ordinære medlem av NTF vert automatisk medlem av den lokalforeininga som høyrer til i det området medlemen har sin hovudarbeidsstad.
Pensjonistmedlem av NTF vert automatisk medlem av den lokalforeininga som dei ved overgang til pensjonistmedlemskap valte å ha si hovudtilknyting til, eller som dei seinare har gitt skriftleg beskjed til NTF sentralt om at dei skal ha si hovudtilknyting til.
Den som ynskjer opptak som assosiert medlem av lokalforeininga må sende skriftleg søknad til lokalforeiningsstyret.
Medlemskapen gjeld frå innmeldingsdato. Heidersmedlemskap gjeld frå dato for vedtak om utnemning som heidersmedlem.
7.2 Utmelding
Utmelding av NTF skjer skriftleg til NTF sitt sekretariat. Kopi sendast til styret i lokalforeininga.
Utmeldinga trer i kraft næraste halvår etter dato for utmelding (30.juni eller 31.desember).
Den som melder seg ut av NTF vert samstundes meld ut av lokalforeininga.
Ein ordinær medlem som går over i passiv medlemskap i NTF vert automatisk stroken som medlem i lokalforeininga. Om ein medlem likevel ynskjer å fortsette sin medlemskap i lokalforeininga sjølv om han / ho er passivt medlem i NTF må styret i lokalforeininga få beskjed om det. Passive medlem av NTF vil i så fall inngå i medlemskategorien assosierte medlem, jfr. pkt. 5.3.
8.1 Strykning
Let ein medlem vere å betale føregåande års medlemskontingent etter fleire purringar, kan styret i lokalforeininga stille inn for NTF at vedkomande vert stroken som medlem.
Myndigheit til å setje i verk strykingar ligg til NTF sin administrasjon.
Medlemskap kan takast opp att etter søknad, når uteståande medlemskontingent er betalt.
8.2 Eksklusjon
Om ein medlem er fråteken sin autorisasjon eller lisens som tannlege, fører seg eller handlar på ein måte som inneber grove brot på NTF sine vedtekter, etiske regler, regler for obligatorisk etterutdanning eller klagenemnd kan NTF sitt hovudstyre, med 2/3 fleirtal, ekskludere medlemen, jf. NTF sine vedtekter §48.
Før avgjerd vert fatta skal uttale frå lokalforeininga sitt styre innhentast. NTF sin administrasjon sørger for at medlemen gjerast kjent med det styre har uttalt og får kome med kommentar.
NTF sitt hovudstyre kan med 2/3 fleirtal vedta å take opp att ein ekskludert medlem.
- Generalforsamling
- Representantar til NTF sitt representantskap
- Styre
- Ein medlem som skal revidere årsrekneskapen før den sendast til styret for godkjenning.
- Klagenemnd
- Kollegahjelparar
- Valkomitè
10.1 Generalforsamlinga si rolle og myndigheit til å gjere vedtak
Generalforsamlinga er lokalforeininga sitt øvste organ.
Generalforsamlinga kan gjere vedtak når den er lovleg kalla inn. Ein medlem kan ikkje gje andre medlem fullmakt til å stemme på sine vegne om ein sjølv vert hindra frå å møte.
10.2 Generalforsamlinga sine oppgåver
Generalforsamlinga har følgjande oppgåver:
- Gjennomgå styret si signerte toårige beretning
- Gjennomgå toårige beretningar frå andre organ / tillitsvalde
a Klagenemnd
b Kollegahjelp
c UTV - Kommentere foreininga sine styregodkjente og signerte årsrekneskap med noter.
- Vedta medlemskontingent for komande to år.
- Godkjenne forslag til budsjett frå styret for komande budsjettperiode.
- Velje
a Styret
b Ein medlem som skal revidere årsrekneskapen
c Klagenemnd
d Kollegahjelparar
e Representantar til NTF sitt representantskap - Utnemne eventuelle heidersmedlem
- Behandle andre saker som står på dagsorden.
- Behandle saker til representantskapet som er tilsendt frå NTF sitt hovudstyre.
- Fastsette instruksar for eventuelle utval, nemder og komiteer i lokalforeninga, om NTF sentralt ikkje har utarbeida reglement som gjeld for disse.
10.3 Innkalling og gjennomføring av generalforsamling
- Tidspunkt for generalforsamling
Ordinær generalforsamling vert halden i oktober kvart andre år (same år som NTF sin representantskap). - Innkalling til generalforsamling, innmelding av saker og utsending av saksliste
Ein kvar medlem eller eit kvart organ i lokalforeininga kan leggje fram saker for behandling på generalforsamlinga. Saker som ein medlem ynskjer tatt opp på generalforsamlinga må vere styret i hende seinast 1. september det året generalforsamlinga skal haldast.
Styret skal forberede og gje si innstilling til alle saker som skal behandlast på generalforsamlinga.
Styret kallar inn til generalforsamling. Skriftleg innkalling til møtet må vere sendt til medlemane seinast to veker før møtet.
Følgjande skal vere lagt ved møteinnkallinga:- Dagsorden.
- Referat frå føregåande generalforsamling.
- Styret si signerte toårige beretning
- Beretningar frå andre organ / tillitsvalte.
- Styregodkjent og signert rekneskap for dei to føregåande år.
- Forslag til budsjett som inneheld forslag til kontingent for komande budsjettperiode.
- Oversikt over sakene som skal takast opp på generalforsamlinga med styret si innstilling.
- Innkomne forslag på kandidatar til ulike tillitsverv, samt valkomitèen si innstilling.
- Forslag til heidersmedlem.
- Forslag til representantar og vararepresentantar til NTF sin Representantskap.
- Eventuelle forslag til instruksar for eventulle utval, nemnder og komitéar i STF.
- Møteleiing og referat
Møteleiar vert valt på generalforsamlingsmøtet.
Det skal skrivast referat frå generalforsamlinga. Når møtet vert opna peikar møteleiar ut ein referent etter forslag frå deltakarane som er til stades på møtet.
Attåt referenten, skal referatet signerast av to medlem som vert valde på generalforsamlinga.
Referatet skal gjerast kjent for lokalforeininga sine medlem så snart som mogleg etter generalforsamlinga. Referatet skal óg leggjast fram til orientering på neste generalforsamling. - Val og røysting
I dei vala det ikkje foreligg meir enn ein kandidat, kan val gjerast ved akklamasjon.
I dei vala det er fleire kandidatar til same verv skal leiar veljast med 2/3 fleirtal. Ved alle andre val gjeld allminneleg fleirtal.
Alle personval skal gjerast skriftleg dersom det er fleire enn ein kandidat til vervet. Øvrige val og røystingar skal skje skriftleg om 1/3 av dei som er til stades og har rett til å røyste krev det.
Val skal gjerast på generalforsamlinga. Valet gjeld for to eller fire år, avhengig av kva for eit verv ein vert vald til. Representantar til NTF sitt representantskap vert vald de år det er representantskap. For øvrige val, gjeld valet frå næraste årsskifte.
Ekstraordinær generalforsamling kallast saman når
- eit fleirtal i styret finn det nødvendig, eller
- minst ⅕ av foreninga sine medlem har framsatt skriftleg krav om dette overfor styret.
Innkalling skjer etter same reglar som ordinær generalforsamling.
Berre dei sakene som er kunngjorde ved innkallinga kan bli behandla på ekstraordinær generalforsamling.
Ein kvar ekstraordinær generalforsamling som er lovleg kalla inn kan gjera vedtak.
12.1 Framlegg av saker til representantskapet for medlemane
Styret i lokalforeininga skal leggje fram sakene som er satt på sakslista for representantskapet for alle medlemane på generalforsamlinga.
12.2 Endringsforslag til eksisterande saker på dagsorden
Under gjennomgang av saker som er satt på sakslista til representantskapet, kan lokalforeininga sine ordinære medlem og pensjonistmedlem fremje endringsforslag og krevje at det vert røysta over i lokalforeininga. Medlemen kan óg krevje at endringsforslaget og resultatet av røystinga vert meddelt representantskapet ved ordfører, før saken vert behandla på representantskapsmøtet.
12.3 Lokalforeininga sine representantar til representantskapet
Lokalforeininga sine representantar skal veljast av generalforsamlinga. Representantane veljast for komande representantskapsperiode.
Leiar i lokalforeininga er sjølvskriven representant for foreininga. Om leiar ikkje sjølv kan delta, skal ein anna medlem frå styret delta i staden.
Attåt leiar skal lokalforeininga vere representert med ein representant for kvar påbegynte 150 medlem. Berre ordinær medlem og pensjonistmedlem kan reknast med i grunnlaget for antal representantar. Antal medlem i lokalforeininga pr 1.oktober skal gje grunnlag for utrekning av representantar.
Lokalforeininga skal vere representert av medlem frå både offentleg og privat sektor.
Om ein representant vert hindra frå sjølv å møte til representantskapet, skal ein vararepresentant møte i staden. Vararepresentantar vert valde på generalforsamlinga.
Om både representant og vararepresentant(ar) vert hindra frå å møte, kan styret velje ein ny representant. Skriftleg melding om dette må sendast til NTF sitt sekretariat.
12.4 Fritt mandat og plikt til å avgje beretning
Lokalforeininga kan ikkje gje ein medlem bunden mandat. Ei gruppe representantar frå foreininga kan heller ikkje med fleirtalsvedtak binde ein representant i stemmegivinga. Men ein kan verte påkrevd å leggje fram for representantskapet resultatet av ein røysting i lokalforeininga.
Om dei vert spurt, pliktar representantane å avgje beretning fra representantskapet, inkludert deira eigne standpunkt i dei enkelte saka.
13.1 Styret sine oppgåver
Styret har følgjande oppgåver:
- Leie foreininga og ha det økonomiske ansvaret for foreininga sitt virke.
- Representere foreininga sine medlem i samfunnet og ovanfor NTF sentralt.
- Sjå til at opplysningar om styremedlem og annan informasjon om foreininga er oppdatert i Enhetsregisteret og at det er foretatt pliktig registrering i eventuelle andre offentlige registre.
- Kjenne til og rette seg etter rutiner for behandling av personopplysningar i lokalforeininga.
- I samråd med NTF sentralt sjå til at vedtekter og bestemmelser vert følgde av alle medlem i foreininga.
- Gjennomføre vedtak som er gjort på generalforsamlinga.
- Gje uttale om bestemde saker innen satte frister, når hovudstyret ber om det.
- Syte for god dialog med NTF sentralt, og informere NTF sentralt om aktivitet som kan ha relevans for NTF si virke sentralt.
- Godkjenne og signere lokalforeininga si reviderte årsrekneskap med noter og årsberetning, og leggje dette fram for generalforsamlinga.
- Utarbeide forslag til lokalforeningens budsjett og kontingent for komande budsjettperiode, og leggje dette fram for generalforsamlinga.
- Behandle innkomne saker frå medlem eller organ i lokalforeninga.
- Kalle inn til generalforsamling, forberede og gi si innstilling i dei saker som skal behandlast på generalforsamlinga.
- I god tid kunngjera frist for når medlemane overfor valgkomitéen kan fremje forslag på kandidater til dei ulike verva som skal veljast av generalforsamlinga.
- Avgje årsberetning om virksomheita, og leggje fram revidert, godkjent og signert rekneskap samt forslag til budsjett for komande budsjettperiode for generalforsamlinga.
- Vere ansvarleg for lokalforeninga si faglege kursvirksomheit. Leggje til rette for løpande dialog og informasjonsutveksling med NTF sitt fag- og etterutdanningsutvalg i samband med utviklinga av NTF sitt kurstilbud lokalt. Leggje til rette for å gjenomføre minimum 4 kurs eller møter i pakt med foreininga sitt føremål i løpet av foreiningsåret. Kursa kan eventuelt arrangerast i samarbeid med andre lokalforeiningar.
- Leggje til rette for kollegiale samvær i tilslutning til kurs eller som spesielle opplegg.
- Bistå NTF sitt sekretariat med å hente inn opplysningar som er nødvendige for å holde NTF sitt medlemsregister oppdatert.
- Sende årsberetning og signert rekneskap for STF til NTF sitt sekretariat til orientering.
- Melde frå til NTF sitt sekretariat om resultat av alle val og utnevnelser i lokalforeninga.
- Oversende til NTF sitt sekretariat eventuelle forslag frå lokalforeininga sitt styre / evt. andre organ til saker som det er ønske om at representantskapet skal behandle. Styret skal og sende vidare til NTF sitt sekretariat private forslag til representantskapssaker, vedlagt styret si begrunna innstilling i saka.
- Foreslå heidersmedlem.
13.2 Styret si samansetjing og val
Lokalforeningen leias av eit styre som består av føljande medlem:
- Leiar.
- Nestleiar/Sekretær.
- Kasserar.
- UTV-representant.
- Privatpraktiserende medlem med spesielt ansvar for å ta hand om næringsdrivande tannleger sine interesser.
- Kurskontakt.
Styret skal bestå av medlem frå både privat og offentleg sektor.
Styret skal ha minst ein styremedlem som er hovudtillitsvald eller medlem av dei lokale utval av tillitsvalde (UTV), som skal orientere om dei lokale tillitsvalde si virksomheit i deira område. Slike styremedlem og deira personlege vararepresentant veljast direkte til styret etter fastsetjing i Reglement for NTF sitt sentrale forhandlingsutval og lokale tillitsvalde i tariffbundne virksomheitar. Om det veljast meir enn ein styremedlem etter dette avsnittet, kan generalforsamlinga vedta at dei til saman berre skal ha ein stemme i styret.
Styret skal óg ha ein privatpraktiserande styremedlem med spesielt ansvar for å ta hand om næringsdrivande tannleger sine interesser. Denne medlemen veljast på generalforsamlinga på same måte som dei øvrige styremedlemane. Medlem som ikkje arbeidar i privat sektor skal ikkje røyste ved val av representant for privatpraktiserende tannlegar.
UTV-leiar eller styremedlem som er nevnt i dei to føregående avsnitt kan ikkje samtidig inneha vervet som leiar i lokalforeininga.
Nestleiar tek over leiar sine funksjonar når han / ho er fråverande.
Lokalforeininga sine styremedlem veljast av generalforsamlinga etter innstilling frå valkomitéen. Unntak gjeld for UTV-representant(er) i styret som veljast av det lokale UTV. Lokalt UTV bør velje sine representantar til styret i lokalforeininga før lokalforeninga si generalforsamling.
Val vert gjort skriftleg om det er fleir enn ein kandidat til vervet.
Valet gjeld for to år av gongen. Skifte av ansvar skjer ved årsskiftet. Perioden fram til årsskiftet skal nytjast til å føre over kunnskap og informasjon frå tidlegare tillitsvald til den nye.
13.3 Styrets arbeid og avgjerdsmyndighet
Styret bør tilstrebe å være fulltallig ved sine møter, men er vedtaksført når minst tre styremedlem er til stades.
Styret sine avgjerdslar treffes ved alminnelig fleirtal med mindre anna gjeng fram av vedtektene.
Det skal førast referat frå styremøta.
13.4 Habilitetsregler
For styret sine medlem gjeld reglar for habilitet i forvaltningslova § 6 tilsvarende, så langt dei passer. Slektskap til ei av parta i ei sak, eller andre særlege forhold som gjør at tilliten til styret si avgjersle svekkast, kan medføre inhabilitet. Ved vurdering av om det ligg føre andre særlege forhold skal det leggjast vekt på om avgjersla kan innebere særleg fordel, tap eller ulempe for vedkomande styremedlem eller noen som han / ho har nær personleg tilknyting til.
Ein medlem av styret i lokalforeininga kan óg anmode sjølv om å fratre om vedkomande meinar seg inhabil. Om meir enn tre styremedlem meinar seg inhabil i saka kan styret anmode om å sende saka til ein anna lokalforeining.
13.5 Rekneskap
STF sitt rekneskap skal førast av ein ekstern rekneskapsførar.
Rekneskapsåret føljer kalenderåret.
Rekneskapen skal gjennomgås av minst ein medlem av foreininga som er vald til å revidere årsrekneskapen. Denne tillitsvalde veljast av generalforsamlinga for to år av gongen.
Revidert årsrekneskap skal behandlast av styret seinast innen utgangen av mai påfølgjande år.
Årsrekneskap som er godkjent og signert av styret skal leggjas fram for generalforsamlinga til orientering og for komentarar.
13.6 Signaturrett
Leiar i STF kan i fellesskap med ein styremedlem (ikkje kasserar) forplikte lokalforeininga med sine signaturer.
Styret avgjer hvilke styremedlem som skal ha prokura.
13.7 Ulike styremedlem sine særskilte ansvarsområde
Dei ulike styremedlemane sine særskilde arbeidsoppgåvar gjeng fram av vedlegget «Beskrivelse av dei ulike styremedlem sine særskilde ansvarsområde i Sunnmøre Tannlegeforeining» som er vedtatt av styret i lokalforeininga.
Lokalforeininga si klagenemnd veljast av generalforsamlinga. Kvar medlem vert vald for fire år.
Klagenemnda skal ha tre medlem, og er avgjerdsdyktig når alle medlemane er til stades. Klagenemnda veljer sjølv sin leiar.
For nærare regler om lokalforeninga si klagenemnd vises det til Reglement for NTF sine klagenemnder.
Lokalforeininga skal ha to kollegahjelparar som veljast av generalforsamlinga for fire år.
Kollegahjelparane bør representere begge kjønn og både offentleg og privat sektor. Dei bør ikkje ha andre tillitsverv.
For nærare reglar om lokalforeininga si kollegahjelpsordning vises det til Reglement for NTF sin kollegahjelpordning.
16.1 Valkomitéens samansetjing og val
Valkomitéen består av ein leiar og to medlem. Både offentleg og privat sektor bør vere representert i valkomitéen. Valkomitéens medlem kan ikkje samtidig inneha andre verv i STF sine organ som veljast av generalforsamlinga.
Valkomitéen veljast direkte av generalforsamlinga etter innstilling frå styret. Ein kvar medlem i lokalforeninga kan foreslå medlem til valkomitéen. Forslaga sendast til styret som skal leggja dei fram for generalforsamlinga.
Valkomitéen sine medlem veljast for to år frå næraste årsskifte.
16.2 Valkomitéen sitt arbeid og oppgåver
Valkomitéen skal avgje si innstilling til generalforsamlinga på kandidater til alle val som i følgje vedtektene skal veljast av generalforsamlinga.
Ein kvar medlem kan fremje forslag på styremedlem til valkomitéen innen ein på førehand fastsett frist. Styret i STF skal i god tid kunngjere fristen for medlemane.
Valkomitéen si innstilling skal vere begrunna, og inneholde navn på, samt relevante opplysningar om, dei kandidatar som er innstilt. Innstilte kandidatar skal vere førespurt og ha akseptert sitt kandidatur. I si innstilling skal valkomitéen leggje vekt på allsidigheit med hensyn til yrkesutøving, kjønnsmessig og geografisk fordeling. Med innstillinga skal det følgje ein oversikt over alle innkomne forslag til kandidatar i ulike verv.
Valkomitéen si innstilling skal leggjast fram for styret seinast ein måned før generalforsamlinga, slik at den kan kunngjøres for medlemane saman med dei øvrige sakane til generalforsamlinga.
Valkomitéen bør tilstrebe å være fulltallig ved sine møter, men er avgjerdsdyktig når to medlem deltek. Det skal førast referat frå møta.
I saker som ikkje dekkast av forening sine vedtektar skal NTF sine vedtektar gjelde.
Forslag til endring av vedtektane skal behandlast av generalforsamlinga. Forslaget må vere mottatt av styret seinast seks månader før generalforsamlinga. Styret må før generalforsamlinga ha konsultert NTF sentralt om dei foreslåtte endringane.
Styret skal sette forslag til endring av vedtektene på dagsorden vedlagt si innstilling i saka.
Endring av vedtektene krev ⅔ fleirtal på generalforsamlinga.
Endring av vedtektene trer i gang umiddelbart, om ikkje generalforsamlinga gjer anna vedtak om tidspunkt for ikrafttreden.
Endring av vedtektene skal leggjast fram for NTF sitt hovudstyre, jmfr NTF sine vedtekter §18-2.
Oppløysing av foreininga kan vedtakast på ein generalforsamling med ¾ fleirtal.
Vedtaket må stadfestast på ekstraordinær generalforsamling tidigast ein måned etter at oppløysing vert vedtatt.
Forslag om oppløysing må sendast styret ihht vedtektane punkt 10 og 11. Styret skal sette forslag om oppløysing på dagsorden vedlagt si innstilling i saka.
Den generalforsamling som vedtek dette, avgjer korleis eventuelle midlar skal disponerast, med krav om at foreininga sine eigedelar skal tilfalle kollektive tiltak for tannleger som ligg innafor foreininga sine formål.
- Beskrivelse av dei ulike styremedlem sine særskilde ansvarsområde i Sunnmøre Tannlegeforeining (kommer)
- Vedtekter NTF