Vedtekter Sogn og Fjordane tannlegeforening
Vedteken av Sogn og Fjordane tannlegeforenings generalforsamlinga 20.05.2021, med umiddelbar verknad
Last ned pdf av Vedtekter Sogn og Fjordane tannlegeforening , 162.3 kB, åpnes i nytt vindu.
Foreininga sitt navn er Sogn og Fjordane tannlegeforening.
Foreininga er eit eige organ i Den norske tannlegeforening (NTF), jf. NTFs vedtekter § 17.
Foreiningas geografiske område omfattar tidlegare Sogn og Fjordane fylke, som også går fram av eige vedlegg til NTF sine vedtekter § 18.
Grensene for lokalforeiningane vert fastsett av representantskapet.
Lokalforeininga skal representera NTF i sitt geografiske område og ivaretaka medlemene sine interesser i tråd med NTF sitt formål.
Foreininga sitt organisasjonsnummer er 975682862.
Medlemer av lokalforeininga pliktar å rette seg etter NTF og lokalforeininga sine vedtekter, NTF sine etiske reglar, NTF sine reglar om obligatorisk etterutdanning og NTF sine klagenemndsreglar.
Medlemmer av lokalforeininga pliktar på førespurnad å svara på spørsmål som gjeld sitt tilhøve til NTF.
Medlemer av NTF som utøvar tannlegeyrket i lokalforeininga sitt område eller sluttar å utøva tannlegeyrket i området pliktar å senda melding til lokalforeiningsstyret om dette. Melding skal også sendast til NTF sentralt.
Lokalforeininga har følgjande medlemskategoriar:
5.1 Ordinære medlemer
Som ordinære medlemer av lokalforeininga reknast ordinære medlemer av NTF som har sin hovedarbeidsplass i lokalforeininga sitt geografiske område. NTF sitt hovedstyre kan i særlige tilfeller gje dispensasjon frå regelen om ordinære medlemer sin lokalforeningstilknytning, jf. NTFs vedtekter § 41-1.
Ordinære medlemer har stemmerett, forslagsrett og talerett i foreningssaker. Dei er valgbare til lokalforeininga sitt styre og som representant for lokalforeininga til NTF sin representantskap.
Ordinære medlemer har rett til å setja fram forslag til NTF sin representantskap og forlanga dei sett under avstemming og meddelt til representantskapet, jf. NTFs vedtekter § 21-2.
Ordinære medlemer kan utpeikast av styret til å representera foreininga i eksterne samanhengar.
5.2 Pensjonistmedlemer
Som pensjonistmedlemer av lokalforeininga opptas pensjonistmedlemer av NTF som har valgt å ha sin hovedtilknytning til lokalforeininga.
Pensjonistmedlemer har stemmerett, forslagsrett og talerett i foreiningssaker. Dei er valgbare til lokalforeininga sitt styre og som representant for lokalforeininga til NTF sitt representantskap.
Pensjonistmedlemmer har rett til å setja fram forslag til NTF sitt representantskap og forlange dei sett under avstemming og meddelt til representantskapet, jf. NTF sine vedtekter § 21-2.
Pensjonistmedlemmer kan utpeikast av styret til å representere foreininga i eksterne samanhengar.
5.3 Assosierte medlemer
Etter skriftlig søknad til styret i lokalforeininga kan følgjande takast opp som assosierte medlemer:
- Ordinære medlemer av NTF som har sitt hovedmedlemskap i ei annan lokalforeining
- Pensjonistmedlemer av NTF som har sitt hovedmedlemskap i ei annan lokalforeining
- Studentmedlemer av NTF
- Passive medlemer av NTF.
Assosierte medlemer har adgang til lokalforeininga sine møter og kurs. Dei har ikkje stemmerett i lokalforeningssaker. Assosierte medlemer er ikkje valgbare til lokalforeininga sitt styre eller som representant for foreininga til NTF sitt representantskap.
5.4 Æresmedlemer
Etter framlegg frå styret, kan æresmedlem utnemnast av årsmøtet med 2/3 fleirtal.
Medlemer kan koma med forslag til styret på kandidat til æresmedlemskap.
Berre æresmedlemer som oppfyller vilkåra for å bli ordinært medlem eller pensjonistmedlem av lokalforeininga har stemmerett i foreningssaker og er valgbare til verv i foreininga, jf. NTF sine vedtekter § 40-5.
Medlemskontingenten vert fastsett av årsmøtet for eitt år om gongen og skal betalast av alle ordinære medlemer, pensjonistmedlemer og assosierte medlemer. Medlemer over 65 år og ikkje-praktiserande medlemer over 62 år er fritekne frå kontingent. Æresmedlemer betaler ikkje kontingent.
For medlemer som er ordinære medlemer av NTF og som dermed er pliktige medlemer av ein lokalforeining skal kontingent betalast til den lokalforeininga som vedkomande står tilslutta 1. januar. For dei andre medlemskategoriane betalast kontingent for kun eit halvt år dersom innmeldinga skjer etter 1. juli.
7.1 Innmelding
Ordinære medlemer av NTF vert automatisk medlem av den lokalforeininga der dei har sin hovudarbeidsstad. Pensjonistmedlemer av NTF vert automatisk medlem av den lokalforeininga som dei ved overgang til pensjonistmedlemskap har valgt å ha hovedtilknytning til, eller senere skriftlig har gjeve beskjed til NTF sentralt om at dei skal ha hovedtilknytning til.
Einkvar som ynsker å verta assosiert medlem av lokalforeininga må senda skriftleg søknad til styret i lokalforeininga.
Medlemskapet gjeld frå innmeldingsdato. Æresmedlemskap gjeld fra dato for vedtak om utnemning som æresmedlem.
7.2 Utmelding
Utmelding av NTF skjer skriftleg til NTF sitt sekretariat. Kopi sendast til styret i lokalforeininga.
Utmeldinga tek til å gjelda frå nærmaste halvår etter utmeldingsdagen (30. juni eller 31. desember).
Medlemer som melder seg ut av NTF mister samstundes medlemskapet i lokalforeininga.
Går eit ordinært medlem av NTF over til å verta passivt medlem, vert vedkomande betrakta som uttrådt av lokalforeininga fra den tid det passive medlemskapet byrja, dersom vedkomande ikkje melder frå til lokalforeiningsstyret at ein ynskjer å halda fram medlemskapet i lokalforeininga. Passive medlemer av NTF inngår i so fall i kategorien assosierte medlemer, jamfør punkt 5.3.
8.1 Strykning
Dersom eit medlem unnlet å betale føregående års medlemskontingent etter gjentekne purringar, kan lokalforeningsstyret overfor NTF innstilla på at vedkomande vert stroken som medlem.
Det er NTFs administrasjon som har fullmakt til å iverksetja strykingar.
Medlemskapet kan takast opp att etter søknad, når uteståande medlemskontingent er betalt.
8.2 Eksklusjon
Dersom eit medlem er fråteken sin autorisasjon eller lisens som tannlege, eller syner ein oppførsel eller handlemåte som inneber grove brot på NTFs vedtekter, NTFs etiske reglar, NTFs reglar om obligatorisk etterutdanning eller NTFs klagenemndsreglar kan NTFs hovedstyre, med 2/3 flertall, ekskludere medlemet, jf. NTFs vedtekter § 48.
Før avgjerd vert fatta skal uttale frå styret i lokalforeininga vera innhenta. NTFs administrasjon sørger for at medlemet vert gjort kjend med styret sin uttale og får høve til å kommenter denne.
Gjenopptaking av eit ekskludert medlem, vedtakast av NTFs hovedstyre med 2/3 fleirtall.
Lokalforeininga har følgjande organer og tillitsverv:
- Generalforsamling
- Representantar til NTF sitt representantskap
- Styre
- Eitt medlem(revisor) som skal revidere årsrekneskapen før det sendast generalforsamlinga til godkjenning.
- Klagenemnd
- Kollegahjelpere
- Valkomitè
10.1 Generalforsamlingas rolle og vedtakssmynde
Generalforsamlinga er lokalforeiningas høgste organ.
Generalforsamlinga er vedtaksført når den er lovleg innkalt. Medlemane kan ikkje gje andre medlemer fullmakt til å stemme på sine vegne ved fråvær.
Generalforsamlinga kan ikkje handsama saker som ikkje står på saklista, men har høve til å ta opp til diskusjon saker som ikkje framgår av saklista.
10.2 Generalforsamlinga sine oppgåver
Generalforsamlinga har følgjande oppgåver:
- Handsama signert årsmeldinga frå styret.
- Handsama årsmelding frå andre organ/tillitsvalde.
- Godkjenna foreiningas signerte årsrekneskap med noter.
- Fastsetja medlemskontingent for komande år.
- Godkjenna styret sitt budsjettforslag for komande budsjettperiode.
- Val
- Styret.
- Revisor.
- Klagenemnd.
- Kollegahjelpere.
- Valkomité.
- Representantar til NTF sitt representantskap, dersom dette ikkje vert gjort i eit eige medlemsmøte.
- Utnemna eventuelle æresmedlemer.
- Handsama andre saker som går fram av dagsorden.
10.3 Innkalling og gjennomføring av generalforsamlinga
- Tidspunkt for generalforsamling
Ordinær generalforsamling vert halde kvart år, på våren etter at rekneskap og budsjett er handsama av styret. - Innkalling til generalforsamling, innmelding av saker og utsending av saksliste
Kvart medlem eller organ i lokalforeininga kan leggja fram saker for handsaming på generalforsamlinga.
Styret skal skriftleg varsla medlemene om dato for møtet og frist dei har for innlevering av saker som ein ynskjer skal handsamast, seinast 8 veker før generalforsamlinga.
Styret skal førebu og gje si innstilling i alle saker som skal handsamast på generalforsamlinga.
Styret kallar inn til generalforsamling. Møteinnkallinga skal vera medlemene i hende seinast 2 veker før møtet.
Følgjande skal vere lagt ved møteinnkallinga:- Dagsorden
- Referat frå forrige generalforsamling.
- Signert årsmelding frå styret.
- Årsmelding fra andre organ/tillitsvalde.
- Revidert og signert rekneskap for føregående år.
- Budsjettforslag med forslag til kontingent for komande budsjettperiode.
- Gjennomgang av generalforsamlingssakene med styret sin tilråding.
- Innkomne forslag på kandidatar til ulike tillitsverv, samt valkomiteen sin tilråding.
- Forslag til æresmedlemer.
- Møteleiing og referat
Generalforsamlinga vert leia av leiaren i lokalforeininga eller møteleiar vald av årsmøtet.
Det skal skrivast referat frå generalforsamlinga. Referent vert utpeika av møteleiar etter forslag frå møtedeltakarane.
Referatet skal underskrivast av to medlemer som generalforsamlinga velgjer, i tillegg til referenten.
Referatet skal gjerast tilgjengeleg for lokalforeininga sine medlemer snarast råd etter generalforsamlinga, og vert også lagt fram til orientering på neste års generalforsamling. - Val og stemmegivning
Alle val og avstemmingar vert avgjorde med vanleg stemmefleirtal, unnateke val av leiaren som skal veljast med 2/3 fleirtal. Dersom det ved val av leiar ikkje vert oppnådd 2/3 fleirtal skal det gjerast omval mellom dei to som hadde flest stemmer. Det er då nok med vanleg stemmefleirtal.
Val og avstemningar skal gjerast skriftleg berre dersom fleire enn 1/3 av dei stemmeberettiga krev det. Det skal gjennomførast skriftleg val dersom det er fleire kandidatar til eit verv.
Alle val gjeld for 2 år, og gjeld med øyeblikkeleg verknad.
Lokalforeininga sine representantar til NTF sitt representantskap vert valde på medlemsmøte på hausten dei åra det er representantskap. Representantskapssakene skal drøftast på dette medlemsmøtet.
Ekstraordinær generalforsamling skal kallast inn når
- minst halvparten av styret krev det, eller
- minst 1/5 av medlemene har sett fram skriftleg krav om dette til styret.
Innkallinga skjer etter same reglar som for vanleg generalforsamling.
Ein ekstraordinær generalforsamling kan bare handsama saker som står på saklista ved innkallinga.
Ein lovleg innkalt ekstraordinær generalforsamling er vedtaksført.
Lokalforeningsstyret skal i eit medlemsmøte leggja frem for medlemane sakene som er sett på sakslista til representantskapet jamfør NTF sine vedtekter § 21.
12.1 Framlegg av saker til representantskapet for medlemane
Styret i lokalforeininga skal leggje fram sakene som er satt på sakslista for representantskapet for alle medlemane på generalforsamlinga.
12.2 Endringsforslag til eksisterande saker på dagsorden
Under gjennomgang av saker som er satt på sakslista til representantskapet, kan lokalforeininga sine ordinære medlem og pensjonistmedlem fremje endringsforslag og krevje at det vert røysta over i lokalforeininga. Medlemen kan óg krevje at endringsforslaget og resultatet av røystinga vert meddelt representantskapet ved ordfører, før saken vert behandla på representantskapsmøtet.
12.3 Lokalforeininga sine representantar til representantskapet
Lokalforeininga sine representantar skal veljast av generalforsamlinga. Representantane veljast for komande representantskapsperiode.
Leiar i lokalforeininga er sjølvskriven representant for foreininga. Om leiar ikkje sjølv kan delta, skal ein anna medlem frå styret delta i staden.
Attåt leiar skal lokalforeininga vere representert med ein representant for kvar påbegynte 150 medlem. Berre ordinær medlem og pensjonistmedlem kan reknast med i grunnlaget for antal representantar. Antal medlem i lokalforeininga pr 1.oktober skal gje grunnlag for utrekning av representantar.
Lokalforeininga skal vere representert av medlem frå både offentleg og privat sektor.
Om ein representant vert hindra frå sjølv å møte til representantskapet, skal ein vararepresentant møte i staden. Vararepresentantar vert valde på generalforsamlinga.
Om både representant og vararepresentant(ar) vert hindra frå å møte, kan styret velje ein ny representant. Skriftleg melding om dette må sendast til NTF sitt sekretariat.
12.4 Fritt mandat og plikt til å avgje beretning
Lokalforeininga kan ikkje gje ein medlem bunden mandat. Ei gruppe representantar frå foreininga kan heller ikkje med fleirtalsvedtak binde ein representant i stemmegivinga. Men ein kan verte påkrevd å leggje fram for representantskapet resultatet av ein røysting i lokalforeininga.
Om dei vert spurt, pliktar representantane å avgje beretning fra representantskapet, inkludert deira eigne standpunkt i dei enkelte saka.
13.1 Styret sine oppgåver
Styret har følgjande oppgåver:
- Leia verksemda i foreninga, og ha det økonomiske ansvaret.
- Representera medlemane utad og overfor NTF sentralt.
- Syta for at opplysninger om styremedlemer og annan informasjon om foreininga er oppdatert i Enhetsregisteret, og at det er føreteke pliktig registrering i eventuelle andre offentlege registre.
- Kjenna til og retta seg etter rutiner for handsaming av personopplysninger i lokalforeinga.
- I samarbeid med NTF sentralt sjå til at NTF og lokalforeininga sine regelverk vert overhaldne.
- Gjennomføra vedtak som er vedtekne på generalforsamlinga.
- Uttala seg om særskilte saker innan fastsette fristar, når hovedstyret ber om det.
- Informera NTF sentralt om aktivitetar som kan ha betydning for NTF sin verksemd sentralt, og generelt medverka til løpande dialog med NTF sentralt.
- Leggja fram budsjettforslag og forslag til kontingent for komande budsjettperiode.
- Handsama innkomne saker frå medlemer eller organ i lokalforeininga.
- Kalla inn til generalforsamling og førebu og gje sin tilråding i dei saker som skal handsamast på generalforsamlinga.
- I god tid kunngjera frist for når medlemane kan fremja forslag til valkomiteen på kandidatar til ulike verv som skal veljast av generalforsamlinga.
- Leggja fram årsmelding om verksemda, og legge fram revidert og signert rekneskap samt forslag til budsjett for komande budsjettperiode for generalforsamlinga.
- Vera ansvarleg for den faglege kursverksemda i lokalforeininga, og leggja til rette for løpande dialog med NTF sitt fag- og etteutdanningsutval i samband med utviklinga av NTF sitt kurstilbod lokalt.
- Arrangera medlemsmøter.
- Arrangera sosiale samvær i samband med medlemsmøter/kurs eller eigne sosiale samankomstar.
- Hjelpa NTF sitt sekretariat med å innhenta opplysninger som er naudsynt for å halda NTF sitt medlemsregister oppdatert.
- Melda frå til NTF sitt sekretariat om resultata av alle val og utnemningar i lokalforeininga.
- Oversenda til NTF sitt sekretariat eventuelle forslag frå lokalforeininga sitt styre/evt. andre organ til saker som ein ynskjer handsamast av representantskapet, og videresenda til NTF sitt sekretariat private forslag til representantskapssaker, vedlagt styret sin begrunna innstilling i saka.
- Halda medlemsmøte for å gjennomgå dei sakene som skal handsamast av representantskapet, og velgja representanter til representantskapsmøtet.
- Føreslå æresmedlemer.
13.2 Styrets samansetjing og val
Lokalforeininga vert leia av eit styre på 7 medlemer. Av desse skal 6 veljast på generalforsamlinga. Generalforsamlinga vel leiar, nestleiar (kan ha oppgåva som sekretær i tillegg), sekretær, kurskontakt og kasserar.
Styret skal ha minst eitt styremedlem som er hovudtillitsvald eller medlem av dei lokale utval av tillitsvalde (UTV), som skal orientera om dei lokale tillitsvalde sitt arbeid i deiras område.
Generalforsamlinga skal i tillegg velja privatpraksisrepresentant og personleg vararepresentant for den valde privatpraksisrepresentant. Desse treng ikkje veljast særskilt for å ivaretaka denne oppgåva, men kan veljast blant dei valde styremedlemene. Berre medlemer som arbeider i privat sektor kan røysta ved val av privatpraksisrepresentant. Den som vert vald til privatpraksisrepresentant har eit særskilt ansvar for å ivaretaka interessene til dei privatpraktiseranda tannlegane. Dette følgjer av NTF sine vedtekter. Vedkomande skal representera lokalforeininga på NTF sitt næringspolitiske forum. Leiar i lokalforeininga kan ikkje ha dette vervet.
Styret skal vera samansett av medlemer frå både privat og offentleg sektor.
Dersom eit medlem av styret trer ut før valperioden er over, kan styret avgjera om det skal gjerast eit suppleringsval på ein ekstraordinær generalforsamling, eller omfordela oppgåvene internt i styret fram til nytt medlem vert vald på ordinær generalforsamling.
Vala gjeld for to år om gongen, og gjeld med øyeblikkeleg verknad.
13.3 Styrets arbeid og beslutningsmynde
Styret er vedtaksført når minst 4 av medlemene er til stades.
For vedtak vert kravd vanleg fleirtal.
Ved likt stemmetal, har leiar dobbeltstemme.
Det skal førast referat fra styremøta.
13.4 Habilitetsregler
For medlemene i styret gjeld habilitetsreglane i forvaltningslova § 6 tilsvarende, så langt dei passer. Slektskap til ein av partane i ei sak eller andre spesielle tilhøve som gjer at tilliten til avgjerder i styret kan svekkast, kan medføre inhabilitet. Ved vurderingen av om det ligg føre andre spesielle tilhøve skal det vektleggjast om avgjerda kan innebera særlig fordel, tap eller ulempe for vedkomande styremedlem eller nokon som han/hun har nær personlig tilknytning til.
Eit medlem av lokalforeningsstyret kan også sjølv be om å få fråtre dersom vedkommende meiner seg inhabil.
13.5 Rekneskap
Kasserar har ansvar for at foreininga sitt rekneskap vert ført.
Rekneskapsåret følgjer kalenderåret.
Rekneskapet skal gjennomgåast av revisor vald av generalforsamlinga.
Revidert og signert årsrekneskap skal leggjast fram for generalforsamlinga for godkjenning innan 1. juli.
13.6 Signaturrett
Styret har signatur i fellesskap.
Styret avgjer kva styremedlemmer som skal ha prokura.
Klagenemnda vert vald på generalforsamlinga. Valet gjeld for 2 år om gongen.
Klagenemnda skal ha 3 medlemer og 2 varamedlemer. Klagenemnda vel sjølv sin leiar.
Nærare reglar om klagenemnd finn ein i Reglement for NTFs klagenemnder.
Lokalforeininga skal ha minst to kollegahjelpere som vert vald på generalforsamlinga for minimum tre år. Kollegahjelperne bør representera begge kjønn og både offentleg og privat sektor og bør ikkje ha andre tillitsverv.
Nærare regler om lokalforeininga sin kollegahjelpordning finn ein i Reglement for NTFs kollegahjelpordning.
16.1 Valkomitéens samansetjing og val
Det skal veljast 2 medlemer til valkomiteen. Både offentlig og privat sektor bør vera representerte i valkomiteen. Medlemene i valkomiteen kan ikkje samstundes ha andre verv i foreininga sine organ som vert valde av generalforsamlinga.
Valkomiteen vert vald direkte av generalforsamlinga. Alle medlemer i lokalforeininga kan føreslå medlemer til valkomiteen. Forslaga skal sendast til styret som skal leggja dei fram for generalforsamlinga. Dersom det ikkje kjem inn nok forslag på kandidatar er styret forplikta til å framsetja ytterlegare forslag på medlemer til valgkomiteen.
Medlemene vert valde for 2 år.
16.2 Valkomitéen sitt arbeid og oppgaver
Valgkomiteen skal leggja fram innstilling til generalforsamlinga på kandidater til alle val som ifølgje vedtektene skal veljast av generalforsamlinga.
Alle medlemer kan overfor valgkomitéen fremja forslag på styremedlemmer innan ein på førehand fastsett frist. Styret i lokalforeninga skal i god tid kunngjera fristen for medlemane.
Innstillinga frå valkomiteen skal vera styret i hende senest 4 veker før generalforsamlinga.
I saker som ikkje vert dekka av foreininga sine vedtekter skal NTFs vedtekter gjelda.
Forslag til endring av vedtektene skal handsamast av generalforsamlinga. Forslaget må sendast styret seinast 5 veker før generalforsamlingen.
Styret skal setja forslaget til vedtektsendring på dagsorden til generalforsamlinga saman med si eiga innstilling i saka.
Vedtektsendringar krever 2/3 flertall på generalforsamlinga.
Vedtektsendringane gjeld frå den dagen vedtaket vert gjort, med mindre generalforsamlinga set eit anna tidspunkt for ikraftsetjing.
Vedtektsendringar skal i etterkant leggjast fram for NTFs hovedstyre, jf. NTFs vedtekter § 18-2.
Oppløysning av foreininga må i tilfelle skje i ordinært årsmøte med 4/5 fleirtal.
For innsending av forslag til styret om oppløysing gjeld same fristar som for andre saker på generalforsamlinga. Ved eventuell oppløysing skal foreininga sine netto eigardeler gå til kollektive tiltak for tannlegar som ligg innafor formåla til foreininga.