Vedtekter Sunnmøre TF

Sist endra oktober 2015

Sunnmøre Tannlegeforeining (STF) er Den norske tannlegeforeining sitt lokallag på Sunnmøre.

Arbeide i samsvar med NTF sine vedtekter:
a) Fremje medlemmene sine faglege, kulturelle, sosiale og økonomiske interesser.
b) Fremje kollegialt samhald
c) Støtte arbeidet for ei betre tannhelse.

  1. Vanleg medlem: Medlem av NTF som er busett i distriktet.

  2. Heidersmedlem, innbeden medlem eller korresponderande medlem: Desse kan etter framlegg frå styret veljast på generalforsamlinga med 2/3 fleirtal. Om ein medlem krev det, skal valet skje skriftleg.

    Medlem av anna lokalforening kan takast opp som assosiert medlem.

  3. Passiv medlem: er definert i NTF sine vedtekter §11.

Kontingenten vert fastsett av generalforsamlinga for eitt år om gongen.

Kontingenten skal betalast forskotsvis, og senast 31.mai kvart år.

Ein medlem som trass påminning ikkje har betalt kontingent for to år, kan strykast som medlem. Stroken medlem kan takast opp at når den skuldige kontingenten er betalt.

Heidersmedlemmer, innbedne og korresponderande medlemmer som ikkje er yrkesaktive som tannlege og assosierte medlemmer, er fritekne for kontingent. Alle andre medlem betalar ordinær kontingent.

Ved innmelding etter 1. juni betaler ein ½ kontingent.

Om styret finn ein medlem uverdig til medlemskap, kan det til NTF innstille vedkommande til eksklusjon.

STF har desse foreningsorgana:

a) Generalforsamling
b) Styre
c) Valkomite
d) Klagenenemnd
e) Revisor
f) Andre tillitsvalgte

Generalforsamlinga er foreningens øverste myndighet og vert halden kvart år i siste halvdel av oktober.

Medlemmene vert skriftleg innkalla minst 14 dager før.

Saman med innkallinga skal det følgje sakliste, årsmelding, revidert rekneskap frå føregåande år, førebelse rekneskap frå inneværande år, innstilling frå valkomiteen og eventuelle framlegg til endring av vedtektene. Saker som medlemmene vil ha tekne opp på generalforsamlinga må vere innkomne til styret innan 15. september.

Alle lovleg innkalla generalforsamlingar er vedtaksføre. Gyldig vedtak krev vanleg fleirtal.

Vedtektsendringar må ha ¾ fleirtal. Om ikkje anna er fastsett, vert vedtaka gjort gyldige straks.

Generalforsamlinga skal:
a) Handsame årsmelding og rekneskap og gi ansvarsfrihet til styret
b) Fastsetje kontingent etter framlegg frå styret.
c) Velje styret(sjå §4), utsendingar med suppleantar til NTF sitt representantskap, og andre tillitsmenn.
d) Handsame andre saker som er ført opp på saklista.

Generalforsamlinga kan ikkje gjere vedtak i saker som ikkje er ført opp på saklista.

Omfram generalforsamling skal kallast saman når eit fleirtal i styret eller 1/5 av medlemmene krev det.

Innkallinga skjer etter same reglar som ordinær generalforsamling.

Berre dei sakene som er kunngjorde ved innkallinga kan bli handsama på omfram generalforsamling.

Styret skal:

  1. Ha ansvar for alt arbeid i foreninga, og påse at vedtekter og bestemmelser blir fulgt.
  2. Ta vare på økonomien, og elles passe på at all aktivitet er i pakt med vedtekter og reglar gitt av STF og NTF.
  3. Forberede saker som skal behandles på Generalforsamlingen.
  4. Legge frem rekneskap og årsberetning på Generalforsamlingen.
  5. Legge frem innstilling på ny valgkommitè
  6. Gjennomføre vedtak som er gjort på Generalforsamlingen.
  7. Legge til rette for å gjennomføre minimum 4 kurs eller møter i pakt med foreningen sitt formål i løpet av foreningsåret. Kursa kan eventuelt arrangeres i samarbeid med andre lokalforeningar.
  8. Leiaren for foreinga er sjølvskriven utsending til NTF sitt representantskapsmøte.
  9. Nestleiaren overtek leiaren sine funksjonar når han er fråverande. Nestleiaren er også vara for leiaren i representantskapet.
  10. Sekretæren fører styre- og forhandlingsprotokoll, tek seg av korrespondansen i foreninga i samråd med leiaren, lagar framlegg til årsmelding og har til ein kvar tid orden i medlemskartoteket. I tillegg skal sekretæren oppbevare tidligare års referat og anna viktig dokumentasjon.
  11. Kasseraren skal syte for at kontingent og andre krav vert innbetalt, føre rekneskap, og legge fram et førebels rekneskap for inneværande år for Generalforsamlinga. Senest ved utgangen av februar året etter, skal et ferdig revidert rekneskap sendes ut til alle medlemmene til innsyn. Dette rekneskapet skal så legges fram for Generalforsamlingea i oktober. I tillegg skal kasseraren oppbevare tidligare års rekneskap.
  12. Styret er vedtaksført når minst tre medlemmer er til stades.
  13. Styret skal vere aktivt i informasjonsarbeid, både internt og utover i dei ulike media.
  14. Kollegiale samvær i tilslutning til kurs eller som spesielle opplegg, er også oppgåver og ansvar som ligg til styret.

Alle val foretas av Generalforsamlinga. Medlemmer til Valkommitè og representantar til NTFs representantskap vert valt etter innstilling frå styret. Alle andre val skjer etter innstilling frå Valkommitèen.

Følgande val skal utførast:

  1. Styre: Leier, Nestleiar, Sekretær, Kasserar, Kurskontakt, og to varamedlem. I tillegg skal det være ein representant frå det offentlige med ein personlig vararepresentant. Kvar representant vert vald for 2 år om gangen.
  2. Klagenemnd: 3 medlemmer, som sjølv vel leder, samt 2 varamedlemmer. Kvart medlem vert vald for 4 år om gangen.
  3. Kollegahjelp: 2 medlemmer som vert vald for 4 år om gangen.
  4. Revisor. Som vert vald for 2 år om gangen.
  5. Kurskommitè: Kurskontakt blir leder av kurskommitèen og får 3 medlemmer i lag med seg. Kvart medlem vert vald for 3 år.

Dei valde medlemmane trer inn i sine respektive poster umiddelbart etter Generalforsamlinga, samtidig som dei medlemmane som fratrer sine poster, fortsetter vervet ut kalenderåret. Perioden frem til årsskiftet skal nyttes til å overføre kunnskap og informasjon frå tidligare tillitsvald til den nye.

Valkomiteen skal gi innstilling ved alle personval i generalforsamlinga (men skal ikkje gi innstilling om ny valkomite, sjå §9)

Klagenemnda konstituerer seg sjølv. Reglar for lokalforeningane sine klagenemnder, fastsette av NTF, gjeld også for STF.

Revisor skal revidere STF sin rekneskap.

Forenings- og rekneskapsåret følger kalenderåret.

Dersom ¾ av medlemmene krev det kan STF oppløysast. Den generalforsamling som vedtek dette, avgjer korleis eventuelle midlar skal disponerast

Sist oppdatert: 29. januar 2020