Du, eg har ein pasient...

Kurs i totalbehandling – klinisk retta kurs med stort fokus på kasus

Kurset holdes av BEST (UiB) i samarbeid med NTF

Tid: Fredag 20. mars 2026 frå kl. 10:00 til 17:00

Sted: Institutt for klinisk odontologi, UiB, Årstadveien 19, Bergen

Pris: 4900,- inkludert lunsj og forfriskninger

Om kurset

Kan vi behalde denne tanna? Er det plass til eit implantat? Treng vi heve bittet? Stift? Revisjon eller kirurgi? Fylling eller krone? Kjeveortopedisk lukelukking eller implantat?

Vi kjenner alle til desse problemstillingane, og det er ikkje alltid like enkelt å løyse dei.

Ved Odontologen i Bergen utgjer det kliniske faget «Totalbehandling» ein viktig del av den nye studieplanen, og femner om ein tverrfagleg planleggjing og behandling. Målet med dette faget er å førebu studentane på dei ulike tverrfaglege kliniske scenarioane som dei garantert vil møte ute i den store kliniske kvardagen, men det er allikevel ingen fasit.

Bergen etterutdanningssenter for tannhelse (BEST) i samarbeid med NTF ønsker med dette å invitere til eit etterutdanningskurs for tannlegar med hovudfokus på kasusdiskusjonar, der deltakarane kan ta med seg eigne kasus og diskutere dei saman med kurshaldarar og kollegaer. Her skal det være låg terskel for problemstillingar, høgt under taket og godt humør. Her skal vi alle lære av kvarandre.

Det er eit ønske at deltakarane tek med seg kasuistikkar på minnepenn med t.d. røntgen og kliniske fotos, og så tek vi diskusjonen ut frå dette.

Odontologen stiller med ein gjeng dedikerte fagidiotar som med sin erfaring og kunnskap kan bidra i diskusjonen.

Målgruppe: Tannleger

Påmeldingsfrist: 13. mars 2026

Kursholdere

  • Cecilie Gjerde, førsteamanuensis og spesialist i oral kirurgi og oral medisin
  • Torgils Lægreid, førsteamanuensis
  • Dagmar Fosså Bunæs, førsteamanuensis og spesialist i periodonti
  • Siren Skaale, spesialtannlege og spesialist i oral radiologi
  • Elisabeth Schilbred Eriksen, spesialtannlege og spesialist i kjeveortopedi
  • Hannu Larsen, spesialtannlege og spesialist i oral protetikk
  • Inge Fristad, professor og spesialist i endodonti

Spørsmål?

Kontakt Torgils Lægreid på e-post torgils.lagreid@uib.no

Sist oppdatert: 8. januar 2026