Kurs i totalbehandling
– klinisk retta kurs med hovedfokus på kasus
Bergen etterutdanningssenter for tannhelse (BEST) ønsker i samarbeid med NTF å invitere til eit etterutdanningskurs for tannlegar med hovudfokus på kasusdiskusjonar, der deltakarane kan ta med seg eigne kasus og diskutere dei saman med kurshaldarar og kollegaer.
Her skal det være låg terskel for problemstillingar, høgt under taket og godt humør. Her skal vi alle lære av kvarandre. Det er eit ønske at deltakarane tek med seg kasuistikkar på minnepenn med t.d. røntgen og kliniske fotos, og så tek vi diskusjonen ut frå dette.
Dato: Fredag 23. mai 2025 kl. 1000 - 1700
Sted: Institutt for klinisk odontologi, Årstadveien 19, Bergen
Pris: 4500,- inkludert lunsj og forfriskningar
Målgruppe: Tannleger (MNTF)
Maks antall deltakere: 70
Påmeldingsfrist: 16. mai 2025
Vel møtt, vi garanterer nesten sol i Bergen denne dagen!
Avmelding
Påmeldingen er personlig og bindende. Alle avmeldinger skal meldes skriftlig til NTFs sekretariat i god tid før arrangementet. Ved avmelding senere enn 14 dager før kursstart, eller ved uteblivelse, må hele kursavgiften betales med mindre man kan framvise legeerklæring. Manglende betaling regnes ikke som avmelding.
Avlysning av kurs
NTF forbeholder seg retten til å avlyse kurs der det ikke melder seg tilstrekkelig antall deltakere, eller dersom uforutsette forhold utenfor NTFs kontroll – force majeure – vanskeliggjør gjennomføring.
Du, eg har ein pasient……..
Kan vi behalde denne tanna? Er det plass til eit implantat? Treng vi heve bittet? Stift? Revisjon eller kirurgi? Fylling eller krone? Kjeveortopedisk lukelukking eller implantat?......... Vi kjenner alle til desse problemstillingane, og det er ikkje alltid like enkelt å løyse dei.
Ved Odontologen i Bergen utgjer det kliniske faget «Totalbehandling» ein viktig del av den nye studieplanen, og femner om ein tverrfagleg planleggjing og behandling. Målet med dette faget er å førebu studentane på dei ulike tverrfaglege kliniske scenarioane som dei garantert vil møte ute i den store kliniske kvardagen, men det er allikevel ingen fasit.
Odontologen stiller med ein gjeng dedikerte fagidiotar som med sin erfaring og kunnskap kan bidra i diskusjonen:
- Cecilie Gjerde, førsteamanuensis og spesialist i oral kirurgi og oral medisin
- Torgils Lægreid, førsteamanuensis
- Dagmar Fosså Bunæs, førsteamanuensis og spesialist i periodonti
- Siren Skaale, spesialtannlege og spesialist i oral radiologi
- Elisabeth Schilbred Eriksen, spesialtannlege og spesialist i kjeveortopedi
- Hannu Larsen, spesialtannlege og spesialist i oral protetikk
- Inge Fristad, professor og spesialist i endodonti