Tanker etter levert høringssvar – veien videre!

Første oktober leverte vi NTFs høringssvar på ”Oppfølging av primærhelsetjenestemeldingen og Oppgavemeldingen mv.” Takk for alle innspill! Takk til alle tillitsvalgte i lokal- og spesialistforeningene og tillitsvalgte sentralt, som har bidratt og takk til hele sekretariatet for en strålende innsats! Dette var i høyeste grad en skikkelig samarbeidsseier!

Klikk her for å lese hele blogginnlegget på NTFs Facebookside

Kommentarer

Judith Kapstad / 09 nov 2016 10:23 Høringsvar regionreform Viser til open høyring – Vestlandsregionen Intensjonsplan for samanslåing av Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland- høyring Reforma er viktig og får særleg konsekvensar for samhandling mellom kommunane, regionnivået og staten, og det er difor viktig å engasjere seg i dette reformarbeidet. Her i Sunnfjord-kommunane har vi no teke steget og vil slå saman kommunane Førde, Jølster, Gaular og Naustdal. Viser til positive vedtak i alle fire kommunar om samanslåing. Jølster Venstre støttar fram-forhandla intensjonsavtale om samanslåing av dei tre vestlandsfylka , og er samd i det meste her, men ikkje i eit punkt ført opp under punkt 10. som gjeld premisser for Vestlandsregionen, punkt c, som gjeld kven som skal ha ansvaret for den offentlege tannhelsetenesta. Vi er ikkje samd i at den skal halde fram i regionen, men vi meiner den skal leggast til kommunane. Det vil vi gjere nærare greie for her: Tannhelsetenesta er ei primær helseteneste på lik line med dei andre helsetenester vi har i kommunane i dag som lege, helesøster, jordmor, psykolog , fysioterapi med meir. Det er då naturleg at tannhelse blir lagt til kommunane fordi oppgåver skal leggast til det lågaste effektive nivå, og det gjeld både for kommunar og region. Den offentlege tannhelsetenesta har eit særskilt ansvar for dei prioriterte grupper som skal ha ei oppsøkande og vederlagsfri teneste, både førebyggande og behandlande teneste. Det gjeld born, sjuke eldre, uføre og psykisk utviklingshemma som er under kommunal omsorgsteneste. Kommunane har og ansvar for folkehelsearbeid. Tannhelsearbeid i kommunane krev godt samarbeid med dei andre helsearbeidarane i kommunane, og då er det feil om ikkje denne tenesta også kjem på same forvaltarnivå som dei andre primær helsetenester. Som ei lita påminning om tidlegare endringar i forvaltninga, - sjukeheimane, ein viktig del av eldreomsorga var tidlegare ei fylkeskommunal teneste, og vart flytta til kommunane. Det veit vi var rett og ser at kommunane klarar godt å drive denne tenesta, ingen ville tenkje i dag at det er feil . Erfaringane vi har i dag er at kommunane klarer å drive gode helsetenester, og nærleik mellom brukar og tenesteytar er viktig i eit vel fungerande demokrati. Fylkeskommunen har nettopp vist med dei strukturendringar dei har gjort med nedlegging av ei rekke tannklinikkar i fylket, at tenesta blir mindre tilgjengeleg for dei gruppene dei skal tene. Dei har og lagt ned arbeidsplassar i kommunane ved å sentralisere tannklinikkar. Nærleik til ei primær helseteneste er eit viktig kvalitetskriterium. Fylkeskommunen har og vist her at dei ikkje tok omsyn til dei høyringssvar som kommunane sende inn når det gjaldt nedlegging av tannklinikkar. Her i Jølster vart ikkje kommunen spurt før dei delte befolkninga mellom to andre kommunar som skulle gje tilbod framover, - i Gloppen og i Førde. Fylkeskommunen har såleis vist i denne saka at dei ikkje tek omsyn til lokal eigarskap i ei viktig teneste. Jølster kommune og tilsette vart ikkje informert om planane før dei vart sett ut, nemner her særskilt overføring av pasientar til Gloppen og Førde før vedtak vart gjort i fylkestinget. Det er særs viktig at Vestlandsregionen får overført ansvaret for fleire store samfunnsoppgåver frå staten. Vi trur at når vi vert større enn det fylkeskommunane er i dag, så sikrar vi fleire statlege ressursar, etableringar og prioriteringar på Vestlandet enn det fylkeskommunane kunne fått til kvar for seg. Vi vil særskilt nemne satsing på infrastruktur, og kommunikasjonar, og strategisk infrastrukturplanlegging med mellom anna sterkare digital infrastruktur. Då kan ein få nytte tilgjengelege ressursar og kompetanse i regionen, og auke samhandling i arbeidsmarknad og busetting. Det vil skape vekst og utvikling. Vassenden 2.11.2016 Judith Kapstad